Instagram


Facebook

Skal bygge om to offshoreskip


2022-08-12

CF Fortune som ligg til kai ved Green Yard Kleven skal byggast om frå PSV til ROV for Oceanic.
Bild: Karl Johan Barstad
CF Fortune som ligg til kai ved Green Yard Kleven skal byggast om frå PSV til ROV for Oceanic.

Den brasilianske reiaren Oceanica har signert ombyggingskontrakt med Green Yard Kleven. Oppdraget går ut på å bygge om to PSV-offshoreskip for operasjonar med ROV og offshorekran.

-– Det vart ein god og gledeleg start etter ferien at vi sikra denne kontrakten, seier Hans Jørgen Fedog, CEO i Green Yard Kleven.

Etter ombygginga skal skipa inn på oppdrag i Brasil på djupt vatn. Brasilianske Oceanica har spesialisert seg på inspeksjon, intervensjon og overvaking av undervass-strukturar offshore.


Samarbeid med Marin Teknikk
Dei aktuelle skipa er nyleg kjøpte inn av Oceanica. Det eine ligg allereie ved Green Yard Kleven, og det andre vil kome til verftet dei næraste dagane. Begge skipa har Marin Teknikk-design MT6009.

– Kontrakten har blitt til i nært samarbeid med Marin Teknikk AS, og dei skal no arbeide med design og engineering på ombyggingsprosjekta. Verftet har opp gjennom åra bygd fleire titals skip i samarbeid med Marin Teknikk, og set pris på at det gode samarbeidet held fram, Karl Johan Barstad, Sales Manager Retrofit i Green Yard Kleven.


Berekraftige løysingar
Green Yard Kleven og Oceanica satsar begge sterkt på berekraftige løysingar. Mellom anna blir det gjenbruk av utstyr i prosjektet. Til dømes er offshore-kranene brukte og vil bli ombygde til aktuell spesifikasjon og til rett leveringstid.

– Det gir mange fordelar å bygge om på eksisterande fartøy, bruke resirkulert materiale og gjenbruk av utstyr på ombyggingane. Dette vil spare ressursar og redusere både kostnadar, utslepp og avfallsmengde. Utan at det går på bekostning av kvalitet, seier Karl Johan Barstad.

Ombyggingane skal etter planen ferdigstillast mot slutten av året, og arbeidet startar umiddelbart.

– Dette var gode nyheiter for oss. Oppdraget aukar ordrereserven vår, men vi har framleis kapasitet til å ta på oss fleire prosjekt. Vi takkar for tilliten og oppdraget og ser fram til samarbeidet med alle involverte partar i prosjektet, avsluttar Hans Jørgen Fedog.


Kilde: Green Yard Kleven AS

Tipsa en vn Skriv ut




Mest lästa

Elteco

Batcofra

ekebergsa

Ramirent

HBM
Unica Media AB © 2022
Org.nr 556961-2624


Unica Media AB
Hammarby Fabriksväg 23
120 30 Stockholm
Sverige


Spørsmål:
info(at)unicamedia.se
Annonse:
annons(at)unicamedia.se